Endringar i lakselova

Laks teke på stong. Foto: Irvin Kilde
Laks teke på stong. Foto: Irvin Kilde

Endra strafferamme og nye administrative reaksjonar mot ulovleg fiske trådde i kraft 1. juli.

Klima- og miljødepartementet melder om at endringar i lakse- og innlandsfisklova trådde i kraft 1. juli. Føremålet med endringane er å styrkje innsatsen mot ulovleg fiske.

Kvart år blir det avdekka mange tilfelle av ulovleg fiske etter anadrom laksefisk. Det ulovlege fisket gjer at talet på gytefisk i elvene blir redusert.

Ulovleg fiske kan òg føre til at det lovlege fisket må regulerast strengare for å nå målet for forvaltning av bestandane.