Ekstraordinært tilskot for å oppretthalde hogstaktivitet i skogbruket

Foto: Per Kristoffersen, Fylkesmannen
Foto: Per Kristoffersen, Fylkesmannen

Landbruks- og matdepartementet har fastsette ein ny førebels forskrift. Tilskotsordninga inneber 50 millionar og skal bidra til at skogeigarar i auka grad sysselset skogentreprenørar med helmekanisk driftsutstyr eller taubane. 

I denne nye tilskotsordninga blir det gitt tilskot til:

  • Tilskot til helmekanisert tynning

Det kan givast tilskot til tynning der det blir tatt ut rundvirke eller energivirke. Det kan givast inntil 75 % tilskot på den delen av driftskostnaden som overstig 230 kr/fm3 (fastmassekubikk) rundvirke eller energivirke, avgrensa oppover til 120 kr/fm3. Kostnader til stubbebehandling mot rotråte kan inngå i tilskotsgrunnlaget.

  • Tilskot til helmekaniserte drifter med høg driftskostnad, herunder:
  1. Vindfallshogst og annan hogst for å ta vare på skoghygiene.
  2. Ryddingshogst med miljømessig grunngiving, knytt til skjøtsel av utvalde naturtypar eller utvalde kulturlandskap i jordbruket.
  3. Foryngelseshogst knytt til skifte av treslag, der treslagsskifte har ein klima- eller produksjonsmessig grunngiving.
  4. Foryngelseshogst i område med lågt uttak av kubikkmasse pr. dekar, herunder lukka hogstar.
  5. Foryngelseshogst med lang terrengtransport. Tiltaket skal i minst mogleg grad redusera ressursgrunnlaget for framtidig vegbygging.
  6. Foryngelseshogst i bratt terreng eller i terreng med høg vanskegrad.
  7. Foryngelseshogst med vekslande driftssystem der transport skjer i fleire etappar fram til leveringsstad, eksempelvis lektertransport.
  8. Kanthogst langs skogsvegar og skogkantar mot innmark.

Det kan givast inntil 75 % tilskot på den delen av driftskostnaden som overstig 160 kr/fm3, avgrensa oppover til 120 kr/fm3. Totale driftskostnader omfattar kostnad til hogst og transport fram til leveringsstad ved bilveg. Kostnadene med eventuell manuell felling til hogstmaskin i bratt eller vanskeleg terreng kan inngå i tilskotsgrunnlaget.

  • Tilskot til taubanedrift

Det kan givast tilskot til utdrift av skogvirke med taubane. Tilskot etter denne forskrifta kjem i tillegg til tilskot som er gitt etter forskrift 4. februar 2004 nr. 447 om tilskot til nærings- og miljøtiltak i skogbruket § 7.

Det kan givast inntil 60 kr/m3 i ekstra tilskot til slik taubanedrift

Søknad om tilskot etter denne forskrifta skal sendast kommunen digitalt via Skogfond på nett, eller på søknadsskjema fastsett av Landbruksdirektoratet. Kommunen greier ut saka og gir ei fråsegn til søknaden før saka blir oversend fylkesmannen. Fylkesmannen gir tilsagn om tilskot.

Utbetaling av tilskot skjer på oppfordring frå søkar etter at tiltaket er gjennomført. Siste frist for oppfordring om sluttutbetaling er 30. november 2020. Tilskot under 2000 kr blir ikkje utbetalt.

Ta kontakt med kommunen for meir informasjon om tilskotsordninga. Meir informasjon om søknadsprosess og forskrifta finst òg på heimesidene til Landbruksdirektoratet.