Utlysing av midlar til fjellandbruket 2020

Foto: Anne Aasmundsen
Foto: Anne Aasmundsen

Det er for 2020 sett av 1 000 000 kronar til fjellandbruket i Vestfold og Telemark. Dette er andre året i ei planlagd treårig satsing. Midlane skal styrkje grunnlaget for berekraftig verdiskaping i fjellområda innanfor tradisjonelt landbruk, seterdrift og bygdenæringar. 

Midlane skal og stimulere til auka utvikling og bruk av landbruket sine ressursar i fjellområda. Innanfor det tradisjonelle landbruket kan aktuelle tema vere agronomi, tilpassing til framtidig klima, bruk av utmarksbeite og utfordringar knytte til denne, seterdrifta, birøkt og rekruttering. For tilleggsnæringar kan det vere utvikling av lokalmatprodukt, marknadsføring og distribusjon av lokalmat, verdiskaping basert på jakt- og fiskeressursar, utleige av hyttar og bruk av setrar og seterkultur som utgangspunkt for aktivitet.

Det er ei målsetjing at prosjekta gir konkrete resultat i form av auka verdiskaping, aktivitet og rekruttering. Det er ønskjeleg med tiltak på tvers av kommunane.

Fylkesmannen atterhald seg retten til å prioritere innkomne søknader i tråd med desse føringane.

Fylkesmannen kan gi tilskot på inntil 75 % av totale prosjektkostnader. Eigenfinansiering (eigeninnsats, eigne midlar etc.) må utgjere minst 25 % av finansieringsplanen.

Søknad om fjellbruksmidlar skal leverast elektronisk, på dette søknadsskjemaet saman med prosjektomtale som forklare i søknadsskjemaet. Søknad blir send til: fmvtpost@fylkesmannen.no 

Søknadsfrist: 13.3.2020

Målgruppe: Prosjekt for fjellandbruket i Fyresdal, Tokke, Seljord, Vinje, Hjartdal og Tinn kommunar.

Ansvarleg: Fylkesmannen i Vestfold og Telemark

Kven kan søkje: Organisasjonar, institusjonar, kommunar og ulike former for samarbeidsorgan som har til formål å utvikle landbruk og landbruksbaserte næringar i fjellområda.

Kontaktpersonar: Lasse Asmyhr 33 37 23 46 og Kari Mette Holm 33 37 23 67