Utlysing av midlar til forprosjekt innan grønsektoren

Bilde: Fylkesmannen i Vestfold og Telemark
Bilde: Fylkesmannen i Vestfold og Telemark

Med bakgrunn i jordbruksavtalen lyser Landbruksdirektoratet ut 3 mill. kroner i nasjonale prosjektmiddel for grønsektoren.

Med grønsektoren meinast produksjon, opparbeiding og omsetning av grønsaker, frukt, bær, potetar, planteskule- og prydplanter.

Organisasjonar, institusjonar og føretak kan søkje. Tiltaket skal fremme fellesgode knytt til næringsutvikling og kompetanseheving på tvers av fylkesgrenser innan temaa:

  • auka etterspørsel etter norsk frukt og grønt
  • berekraftstrategi for grønsektoren

Søknadsfrist: 28. oktober 2020, kl.13.00.

Fullstendig utlysing på nettsida til Landbruksdirektoratet