Nasjonale midlar til næringsutvikling og kompetanseheving i landbruket

Landbruksdirektoratet inviterer organisasjonar, institusjonar og bedrifter til å søkje tilretteleggingsmidlar for å styrkje verdiskapinga i næringa.

Landbruksdirektoratet kan gi tilskot til for å skape næringsutvikling og auka kompetanse i landbruket.

Søknadsfrist: 1. juni 2020 kl.13.00.

Sjå fullstendig utlysing her.

Landbruksdirektoratet har overteke forvalting av dei tidlegare KIL-midlane (kompetanseheving i landbruket) frå Matmerk og utvida ordninga til også å omfatte næringsutvikling. Pågåande KIL-prosjekt inngår i denne nye ordninga. 

Rammene for tilskotet blir fastsette gjennom jordbruksoppgjeret, og for 2020 er det rundt 6 mill. kr.