Mat- og måltidsglede for eldre

Matgledekorps i Vestfold og Telemark tilbyr kommunane v/sjukeheim og hjemmetjenesten til å komma på besøk. Dette er eit lågterskeltilbod for auka merksemd på måltidsfellesskap og dei sosiale rammene rundt mat og måltid som gir matglede.

I dag møtte Matgledekorpsmedlem Erlend Eliassen ein representant frå Skien kommune. Tore Baksaas er leiar for Scheen Matservice som dagleg leverer om lag 1100 måltid til sjukeheim, aldersinstitusjonar og hjemmeboende eldre.

Foto: Bob GottschalErlend og Tore fann tonen raskt og det vart ein engasjert samtale om moglegheiter for å tenka nytt innanfor mat- og måltidsglede. ‘Dette vil eg vera med på', seier Tore Baksaas. ‘Eg tar ein kontakt med fagsjefen for sjukeheimane i Skien kommune og informerer om dette tilbodet'. I skrivande stund har 1 kommune meldt interessa si for å få besøk av Matgledekorpset. Og det er plass til fleire kommunar!

Erfaringar frå besøk på 17 institusjonar fordelte på Innlandet og Trøndelag i 2019 viser at det er givande å tenka nytt innanfor mat- og måltidsglede. Og det handlar ikkje berre om mat og måltidsglede. Matgledekorpset set òg søkelyset på kva som er eit berekraftig måltid og korleis kan ein redusera matsvinn.

I tillegg til Erlend Eliassen er Liv Grete Ekre og Anders Johan Pedersen medlem av Matgledekorpset i Vestfold og Telemark. Til saman har dei brei kompetanse innanfor mat, måltidshygge, kosthald/ernæring og samspel/organisering. Matgledekorpset vil ha fokus på disse tema:

  • Mat- og måltidshygge, inkludert brukarmedverknad
  • Matfag – mat og måltid, lokalmat, matsvinn
  • Kosthold og ernæring
  • Samhandling og organisering

Det er Fylkesmannen i Vestfold og Telemark som leiar og koordinerer arbeidet i fylket og er bindeledd mellom kommunen og Matgledekorpset. Det nasjonale ansvaret ligg hos Landbruks- og matdepartementet. Matgledekorpsarbeidet er òg eit viktig element i kvalitetsreforma for eldre ‘Leve heile livet' som nasjonalt blir ledet av Helse- og omsorgsdepartementet.

Les meir her: https://matgledekorpset.no/kontakt/

Kontaktpersonar:

Bob Gottschal, landbruksavdelinga hos Fylkesmannen, tlf. 35 58 62 70

Lisbeth Haugan, landbruksavdelinga hos Fylkesmannen, tlf. 33 37 23 62