Ei forteljing om ein sjeldan skatt

Flott telemarksku på Dyrsku'n i Seljord. Foto: Bob Gottschal, FMVT
Flott telemarksku på Dyrsku'n i Seljord. Foto: Bob Gottschal, FMVT

Landslaget for Telemarksfe har tatt eit krafttak for å redde Telemarkskua ut av ein kritisk trua situasjon. Avlsarbeidet er forbetra og styrka i tillegg til at nye produkt har kome på banen i prosjektperioden. Ein fellesinnsats over fleire år har gitt gode resultat.

‘Prosjektet har vore svært positivt for rasen fordi det har skapt mykje engasjement blant medlemmene i Landslaget', skriv leiar for avlsutvalet Lina Aasan i sluttrapporten. Ho har det siste året i prosjektet vore svært aktiv og hatt mykje fokus på avl og informasjon. Dei første åra var Hilde Riis prosjektleiar. I tillegg til avlsarbeid jobba ho òg mykje med å få fram nye produkt og ho hadde stort fokus på økonomi for bonden. Siste prosjektåret overtok Sigbjørn Haslemo og leidde prosjektarbeidet fram mot avslutninga.

Landslaget ser på hovudmålet som nådd då det er auke i talet på dyr og besetningar, fleire vil starta opp med telemarksfe og Landslaget får mange nye medlemmer. Tal frå 2020 viser til 435 mordyr, ein auke på ca. 50 frå 2019 og auke på ca. 160 dyr sidan prosjektstart i 2015.  Auken viser seg ikkje med ein gong og blir først synleg etter at fleire kviger har fått kalv. Landslaget ventar derfor framleis auke i 2021.

Informasjon til publikum og til medlemmene i Landslaget for Telemarksfe er ein avgjerande suksessfaktor. Og ikkje minst til andre bønder for å motivere til delvis eller heilt satsing på denne kurasen. Dyrsku'n i Seljord er ein sjølvskriven arena for å visa fram kua, møte publikum og treffe andre bønder for å utveksle erfaringar.

Spanande stand på Dyrsku`n med ulike produkt frå telemarksfeet. Foto: Bob Gottschal, FMVT

Utstillinga i 2019 utmerkte seg med ein stor stand på Sterke Nils-tunet der besøkande kunne kjøpa seg produkt, rekvisita og få smaksprøvar på ost og pølser baser på råvarer frå Telemarkskua.

Viktige oppgåver for Landslaget framover er å auke kompetanse på produkt, kjøttkvalitet og samarbeid med kokkar. Vidare må livdyromsetninga forenklast fordi det er stor etterspurnad i marknaden etter livdyr, noko som er positivt for populasjonen. Ei anna tilråding vidare er å halda fram med avls- og informasjonsarbeid ut i besetningane. Dette arbeidet skaper optimisme og gir kua eit godt rykte slik at produsentane snakkar fram rasen og får andre til å ønske seg slike dyr. For Telemark-regionen utgjer utan tvil kua eit betydeleg potensial med tanke på reiseliv og merkevarebygging. Vidare dialog med m.a. Norsk Industriarbeidarmuseum på Rjukan blir derfor viktig.

Mange aktørar har bidrege i gjennomføringa av arbeidet: Telemark Landbruksselskap, Fylkesmannen i Vestfold og Telemark, Norsk genressurssenter, Telemark fylkeskommune, Dyrsku'n Arrangement AS. Prosjektleiarar Hilde Riis og Sigbjørn Haslemo er frå Landslaget for Telemarkfe.  Fleire har støtta arbeidd økonomisk: Fylkesmannen i Vestfold og Telemark, Telemark Landbruksselskap, Norsk genressurssenter, Telemark fylkeskommune, Landbruksdirektoratet og Eckbos Legat.

 

Kontaktpersoner