Årets lokalmatgründer er frå Færder kommune i Vestfold og Telemark

Bernt, Edvard og Anstein Freberg er tre brødrar som i 2012 starta med aspargesproduksjon. Dei dyrkar aspargesen på lett og varm jord på Hvasser, lengst ut mot kysten av Oslofjorden. Hvasser asparges får prisen i år for å vise veg for dei beste råvarene som me bør eta når det er sesong i Noreg.  

I 2018 vann Hvasser asparges Årets Matskatt stipend av Meny og dette er Noregs største lokalmatpris. Pengane blei brukt til å skaffa erfaringar for å dyrke fram kvit asparges, og denne kom på marknaden i 2020.

Konkurransen Årets lokalmatgründer er opptekne av entreprenørskapet og nyskapningen som gründerbedriften representerar. Juryen er ein fagjury som vel ut 6 finalistar på bakgrunn av forslag frå publikum. Juryen har blitt ledet av Hilde Charlotte Solheim, styreleiar i Destinasjon Hardanger, Eivind Haalien, kategorisjef lokalmat og spesialitetar i NorgesGruppen, Anne Jødahl Skuterud, styreleiar i Felleskjøp Agri, Geir Helge Espedalen, dagleg leiar i Dyrsku'n og Bernt Bucher Johannessen, dagleg leiar i HANEN. Prisen Årets Lokalmatgründer er blitt delt ut sidan 2015.

-Me er stolte over at ein produsent av grønsaker vinn ein slik pris, seier brødrane  Freberg.

Kontaktpersoner