Statsforvalteren fikk nytt og kjønnsnøytralt navn 1. januar 2021. Det gamle navnet vårt var Fylkesmannen.

Klima- og miljøprogrammet i jordbruket: utlysing av fylkesvise midlar

Klima- og miljøprogrammet gir prosjekttilskot innanfor temaa klimatilpassing, klimagassutslepp, forureining, kulturlandskap og naturmangfald.

Publisert 22.12.2020

Landbruksdirektoratet forvaltar nasjonale midlar, og Statsforvaltaren gir stønad til regionale prosjekt.

Prosjekta skal primært rettast mot utfordringar som har interesse for lokale eller regionale problemstillingar. Prosjekta skal hjelpe til at gjeldande eller ny kunnskap raskt når ut til næringsutøvarar.

Måla for klima- og miljøprogrammet er å hjelpe til:

  • at produksjon av mat skal skje med god ressursbruk og minst mogeleg forureining, klimagassutslepp og tap av naturmangfald.
  • å auke landbruket sitt miljøbidrag, som kulturlandskap, naturmangfald, binding av karbon og produksjon av biogass.
  • å tilpasse agronomi og dyrkingssystem til endra klimaforhold, med sikte på å oppretthalde eller auke matproduksjonen og vareta produksjonsressursane.

Tilskotet gis til kunnskapsutvikling, utgreiingar og informasjonstiltak.

Faglege prioriteringar 2021

Det nasjonale programmet har følgjande faglege rammer og prioriteringar for 2021:

  • klimatilpassing
  • klimagassutslepp
  • jord
  • naturmangfald og kulturminne i kulturlandskapet
  • forureining til vann, jord og luft

Mer om faglige prioriteringer 2021 på Landbruksdirektoratet nettsider.

Ut ifrå dei nasjonale føringane støttar Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark prosjekt/tiltak som hjelper til:

  • Auka fokus på klimatiltak og tilpassingar i eit endra klima
  • Auka fokus og kompetanseformidling om jord
  • Å stimulere til utprøving av nye tiltak og kunnskap knytte til redusert miljøbelasting frå landbruket
  • Auka naturmangfald
  • Kunnskap og informasjonsarbeid knytte til betre ressursutnytting frå landbruket

 Jord- og klimarelaterte prosjekt, naturmangfald og prosjekt som integrerer fleire formål blir prioriterte.

Målgruppe for programmet

Målgrupper for prosjekta kan vere organisasjonar, næringsutøvarar, rådgivarar, forvalting, og andre kompetanse- og forskingsmiljø.

Søknad

Søknaden skal leverast elektronisk i Altinn. Søknadsfrist er 29.januar 2021.

Søk tilskot til fylkesvise tiltak frå Klima- og miljøprogrammet via denne linken.