Utvalt kulturlandskap på film, bilete og ord

Foto: Turid Oppsund
Foto: Turid Oppsund

Sett av onsdag 3. april! Vi inviterer alle interesserte til premiere på filmen om det utvalde kulturlandskapet i Hjartdal og Svartdal.

Det vil også bli fotovisning ved landskapsfotograf Oscar Puschmann og foredrag ved forskar Ann Norderhaug om dei rike kvalitetane i kulturlandskapet i Hjartdal og Svartdal. Dette blir ein festaften for kulturlandskapa våre!

Satsinga på dei utvalde kulturlandskapa er eit samarbeid mellom miljø- og landbruksmyndigheitene om å ta vare på nokre av våre verdifulle og representative kulturlandskap i Noreg.

Ved inngangen til 2019 tel det i alt 41 område som er med i satsinga. I Vestfold og Telemark har vi tre område i satsinga. Hjartdal og Svartdal kom med blant dei utvalde områda i 2017. Dette grunngjevast mellom anna med store og bevarte verdiar knytt til kulturmiljø og naturverdiar i aktive og tradisjonelt drivne jordbruksområde. Formidling er ein viktig del av satsinga, og med eit mål om å gje oss nærheit, opplevingar og ansvar for desse områda. Samstundes gir satsinga moglegheit for mange lokale tiltak som fremjar verdiane i landskapet.

https://www.landbruksdirektoratet.no/no/miljo-og-okologisk/kulturlandskap/utvalgte-kulturlandskap#de-41-utvalgte-kulturlandskapene