Utlysing av tilskot mv i landbruket 2019

Kommunekart over Vestfold og Telemark
Kommunekart over Vestfold og Telemark

Fylkesmannen har oppgåver knytt til forvalting av ei rekkje tilskotsordningar innan jord- og skogbruk. Sjølv om Fylkesmannen i Vestfold og Telemark har blitt eitt embete, skal midlane i landbruket fordelast på to fylker i 2019.

Her finn du informasjon om nokre av ordningane.

  1. UT-midlar, utgreiings- og tilretteleggingstiltak. Fortløpande søknadshandsaming.
  2. Tilskot til klima- og miljøprogram. Søknadsfrist 20. mars.
  3. Tilskot til tiltak i beitefelt. Søknadsfrist 20. mars.
  4. Rentemidlar av skogfond i fylket – m.a. til fellestiltak i skogbruket. Fortløpande søknadshandsaming.
  5. Tilskot til skogsvegar. Søknadsfrist 15. april og så fortløpande.

Lenkene til meir informasjon finn du i menyen til høgre.

Kommunane forvaltar tilskotsmidlar til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL), drenering, skogkultur, miljøtiltak i skog og rentemidlar av skogfond (lokale fellestiltak i skogbruket m.m.). Nærare informasjon hjå landbruksforvaltninga i kommunane.