Ny ordning: Pelsdyrkompensasjon

Stortinget har vedteke at pelsdyrproduksjonen skal avviklast innan 2025. Pelsdyrbønder som har bestemt seg for å avvikle no kan søkje om kompensasjon.

Søknad om kompensasjon skal sendast til fylkesmannen i fylket ditt. Skjemaet for å søkje om pelsdyrkompensasjon finn du her.

  • Fristen for å søkje om kompensasjon er 12 månader etter at du har avvikla pelsdyrhaldet.
  • Frist for å sende inn søknad om kompensasjon etter riving og opprydjing er 31. desember 2025.

Dei som ønskjer å klage på vedtaket hos fylkesmannen får klaga si behandla i Landbruksdirektoratet.

Landbruksdirektoratet har oppretta eigne sider der pelsdyrbønder finn informasjon om kva reglar som gjeld, og korleis du søkjer om kompensasjon. Sidene blir oppdaterte dersom det kjem ny informasjon som pelsdyrbønder treng å vite om.

Kontaktpersoner