Mattilsynet gir inga utsetjing for fornying av autorisasjonsprovet

Ein får ikkje får forlengt autorisasjonsprovet for kjøp av plantevernmidlar ut 2020 pga. koronautbrotet. I ein periode var dette oppe til diskusjon, men då det blei klart at kursarrangørane kunne få til alternativ med digitale kurs var det den løysinga som blei vald. 

Dermed må ein anten gå på digitalt kurs eller gjennomføre nettkurset på Mattilsynets internettsider.

Det er ei moglegheit å søkje om dispensasjon for å få utvida perioden for gyldigheit, men då må det vere eit særskilt tilfelle for at det skal innvilgast. Koronautbrotet gjeld alle som skal fornye autorisasjonen sin i år så korona i seg sjølv vil ikkje automatisk vere nok for å få innvilga ein dispensasjon.

Klikk her for å lese meir om funksjonstesting og autorisasjonskurs på Mattilsynet sine heimesider

Kontaktpersoner