AVLYST! Kurs i økonomisk rådgjeving

Dato:
11. november 2020 09.00 - 12. november 2020 16.00
Sted:
Quality Hotell Grand Kongsberg
Arrangør:
Helse- og omsorgsavdelingen hos Fylkesmannen
Målgruppe:
Tilsette i Nav med brukarkontakt og nytilsette i Nav

Kurset er avlyst grunna koronasituasjonen i vår region.

Fylkesmannen inviterer i samarbeid med Armand Vestad til kurs i økonomisk rådgjeving 11. og 12. november 2020. Kurset retter seg mot tilsette i Nav med brukarkontakt og nytilsette i Nav. Målet er at tilsette i Nav skal kunne gje økonomisk rådgjeving på eit generelt nivå.

Publisert 16.10.2020

Kvifor tilbyr vi dette kurset?

Økonomisk rådgjeving er ei lovpålagd individuell teneste etter sosialtenestelova § 17. Tenesta er ei av kjerneoppgåvene i Nav-kontoret, og tilsette i Nav-kontora treng grunnleggjande kunnskap om tenesta og aktuelle tema for å kunne gi generelle råd og rettleiing og for å kunne vidareformidle personar med større problem til ein spesialist innan økonomisk rådgjeving.

Mange kan ha økonomiske problem sjølv om dei ikkje gir uttrykk for det. Covid-19 pandemien har i stor grad bidratt til at mange menneske har fått sin økonomiske kvardag endra, og behovet for rådgjeving vil vere aukande i tida framover. Difor er det viktig at tilsette i Nav har kunnskap om økonomisk rådgjeving om dei avdekker slike problem.

Fylkesmannen i Vestfold og Telemark tilbyr derfor eit kurs tilpassa tilsettte i Nav-kontora. Målet vil vere at deltakarane skal lære om korleis ein kan avdekka økonomiske vanskar, og vite kva vi skal gjere med det. Vi inviterer difor til to identiske kursdagar, meld deg på den dagen som passar best for deg.

Grunna smittevernomsyn og eventuell smittesporing, må dykk ved påmelding oppgi private telefonnummer samt bostadkommune.

Deltakarar som har meir enn to timars reiseveg frå arbeidsstaden, og som har behov for overnatting bes kontakte Fylkesmannen i Vestfold og Telemark for avklaring.

Påmeldingsfrist er 2. november 2020.

Dato:
11. november 2020 09.00 - 12. november 2020 16.00
Sted:
Quality Hotell Grand Kongsberg
Arrangør:
Helse- og omsorgsavdelingen hos Fylkesmannen
Målgruppe:
Tilsette i Nav med brukarkontakt og nytilsette i Nav

Kontaktpersoner