Rolf Grohs AS søker om løyve etter forureiningslova til handsaming av hestegjødsel

Høringsfrist:
1. desember 2020

Verksemda søker om løyve til å kompostere hestemøkk frå ulike private stallar i Grenlandsregionen.

Publisert 16.10.2020

De ynskjer å kunne kompostere inntil 2000m3 gjødsel pr år.

Komposteringa vil være knyta til eit eiget område på garden Tom Grohs på gnr. 221/bnr.20 i Skien kommune. Rolf Grohs AS leiger dette området av Tom Grohs og skal stå for drifta av anlegget.

Verksemda har hatt ein tett dialog med Landbrukskontoret i Grenland og Mattilsynet om å etablere eit slikt anlegg.

Meir opplysningar finn du på høgre side.

 

Eventuelle merknader til søknaden sendast innan 01.12.20 til:
Vestfold og Telemark. Pb. 2078, 3203 Tønsberg eller
på e-post til fmvtpost@fylkesmannen.no 
 
Merk saka med saksnr. 2019/11644

 

Høringsfrist:
1. desember 2020