Søknad om mudring og utfylling ved Borgestad næringspark i Skien kommune


Høringsfrist 30. oktober 2020 00:00

Statnett SF søker om løyve til å mudre og fylle ut ved Borgestad næringspark i Skien kommune. Føremålet er å kunne gjennomføre transport av transformatorar.

Statnett SF søkte 25.05.2020 om løyve etter forureiningsregelverket til å mudre 1000 m2 med eit masseuttak på 500 m3, samt ei stabiliserande utfylling med eit areal på 150 m2. Tiltaket skal utførast ved Borgestad næringspark, gbnr. 74/211 i Skien kommune.

Føremålet med tiltaket er å etablere ei kai for transformatortransport. Føremålet med å mudre er å oppnå tilstrekkeleg seglingsdjup. Djupet skal aukast frå 1,2 – 2,5 m til 3 m. Arbeidet skal bli utført med gravemaskin frå lekter og frå land og det er beskrive at massane kan køyrast bort.  Føremålet med utfyllinga er å kunne etablere ei solid konstruksjon med kaia i rett høgde og avstand frå land. Utfyllinga skal bestå av ei steinplastring og motfylling. Tiltakshavar har beskrive bruk av siltgardin under arbeida.

Sediment i tiltaksområdet er prøvetatt i fire stasjoner, totalt 7 prøver. Overflatesedimentet (0-10 cm) er forureina med konsentrasjonar tilsvarande tilstandsklasse IV (dårleg) og djupare sedimentprøver (inntil 28 cm) er forureina med konsentrasjon inntil tilstandsklasse V (svært dårleg), jf. klassifiseringssystemet for sediment («Veileder 02:2018: Klassifisering av miljøtilstand i vann»).

I Miljødirektoratet sin Naturbase kjem det fram at det er registrert ei lokalt viktig «Stranden og strandsump» ca. 170 m nedstrøms tiltaksområdet.

Lenke til dokumenta til saka ligg i menyen til høgre.

 

Eventuelle merknader til søknaden kan innan 30.10.2020 sendast til:

Fylkesmannen i Vestfold og Telemark, Postboks 2076, 3103 Tønsberg
eller på e-post til fmvtpost@fylkesmannen.no