Nye retningsliner for tilsynssaker under pandemien

Koronapandemien har ført til endring i korleis Fylkesmannen handsamar klager mot helse- og omsorgstenesten.

Fylkesmennene koordinerer beredskapsarbeidet. Pandemi er ei helsekrise og Helse- og omsorgsavdelinga har ei særleg viktig rolle i arbeidet. Mange ansatte i avdelinga arbeider med pandemiberedskap. Det har gjort at arbeid med tilsynssaker har vorte prioritert ned, og det har uheldigvis vorte lang handsamingstid i ei rekke saker.

Pandemien har òg innebore stort press på helsetenestene, og det er viktig at dei ikkje blir tynga i utrengsmål. Statens helsetilsyn har gitt ut «Midlertidige retningslinjer for fylkesmannens håndtering av tilsynssaker i helse- og omsorgstjenesten under koronapandemien», som skal sikre at fylkesmennene fangar opp risiko for pasienttryggleik med minst mogleg belasting på tenestene og på embeta, og at tilsynssaker blir handsama mest mogleg likt frå fylke til fylke.

Føremålet med tilsyn er å bidra til at tryggleik og kvalitet i helse- og omsorgstenesten og befolkninga si tillit til helsepersonell og helse- og omsorgstenesten blir styrka.

Sjølv om det no er lite spreiing av smitte i befolkninga, har framleis helse- og omsorgstenestene oppgåver knytta til pandemien, som fordeling av smittevernutstyr og førebuing til nye smittetoppar. Fylkesmannen halder difor fram med å opprette tilsynssak berre der me vurderer at det er stor og pågåande risiko for tryggleiken til pasientar.