Ekstra tilskot til eldre

Koronapandemien har ramma mange av våre eldre hardt. Einsemda har auka. Det er difor etablert to statlege tilskotsordningar, der over 25 millionar kroner går til tiltak i Vestfold og Telemark.

Merk at søknadsfristen er 20. september 2020.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 13.08.2020

For tilskot til aktivitetstiltak for å motverke einsemd hos eldre skal 11,5 millionar delast ut. Målet er å stimulere til innovative tiltak for å skape og oppretthalde aktivitet og sosial kontakt.

Målgruppa er eldre som er heimebuande eller i omsorgsbustad. Frivillige lag oppfordrast til å søkje.

For det andre tilskotet, «aktivitetstilbod og besøksvert», er det 14,1 millionar til utdeling. Målet her er at kommunar legg til rette for besøksvert og meiningsfull aktivitet i sjukeheim og omsorgsbustad.

Fylkesmannen inviterte alle interesserte til et informasjonsmøte i Larvik torsdag 10. september. Les innlegga frå møtet. Informasjonsmøtet blei også filma i sin heilhet, sjå videoen her (oppgi passord 100920).

Frist for å søkje på tilskota er 20.09.2020.

Meir informasjon om dei to tilskota finn du i vår tilskotskalender Sjå under Lenker.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.