Satsar for regionale miljøtilskudd for jordbruket (RMP) 2020

Fylkesmannen i Innlandet har i samråd med fylkeslaga i Bondelaget og Bonde- og småbrukarlaget fastsett dei foreløpige satsane for årets RMP-tiltak.

I jordbruksavtala for 2020/2021 vart Innlandet tildelt 124,5 millionar kroner til RMP-tiltak i 2020. Det er i jordbruksavtala presisert at tiltak med fangvekstar og miljøvenleg husdyrgjødselspreiing skal prioriterast.

For dei fleste tiltaka er det foreslått vidareføring av endelege satsar for 2019.

Rettleiar for tilskottsordninga for Innlandet vil kome ut rundt 1. juli.

Søknadsomgangen opnar 15. september, og søknadsfristen er 15. oktober.

Lenke til søknadsskjema vert lagt ut på heimesida vår når søknadsomgangen blir opna.