Høyring - Grasmo AS søkjer om løyve etter forureiningslova


Høringsfrist 30. mai 2020 23:59

Søknaden gjeld produksjon av svartpellets på Matrand i Eidskog kommune. Det er planlagt ein årleg produksjon på 70 000 tonn pellets.

Det er ein ny produksjonsprosess, der det blir framstilt svartpellets som f.eks. kan brukast til erstatning for kol i kolkraftverk. Dette er pellets framstilt av tremateriale/trefiber. Anlegget blir bygt på Matrand i Eidskog kommune, der bedrifta har hatt eit mindre anlegg for produksjon av trepellets til bruk i fyringsanlegg for oppvarming av hus.

Fylkesmannen har sendt søknaden til mellom andre Eidskog kommune og Matrand Vel for høyring. Søknadsdokumenta er tilgjengelege på denne sida.

Alle kan sende innspel til Fylkesmannen i saka før Fylkesmannen gjer vedtak. Det kan sendast som brevpost eller e-post til Fylkesmannen i Innlandet: fminpost@fylkesmannen.no.

Ein kan også sende innspel via skjemaet nedanfor.

Frist for merknader: 30. mai 2020.

Høyring - Grasmo AS