Høyring - Stølslie Biovarme AS søkjer om utviding av fjernvarmeanlegg


Høringsfrist 08. august 2019 23:59

Utbyggingsprosjekter på Beitostølen gjev auka etterspurnad etter fjernvarme. Stølslie Biovarme AS ønskjer å ta i bruk lokalt kvalitetssikra returtre som brensel i tillegg til reint skogsvirke.

Eksisterande varmesentral på 700 kW skal utvidast med ein ny biokjel på 1600 kW i løpet av 2019/2020. Dagens bruk av kun reint skogsbrensel søkes erstatta med ei blanding av minst 50% skogsbrensel og inntil 50% sortert og kvalitetssikra returtreflis. Valdres Kommunale Renovasjon IKS skal vere leverandør av returtre til fjernvarmeanlegget.

Søknaden om løyve er utforma med bistand frå Bioen AS. Produksjons- og utsleppsforhold går fram av vedlagt utredning og spredningsberekning frå Bioen AS.

Eit eventuelt framtidig løyve vil bli regulert gjennom utslippskrav i henhald til avfallsforskrifta kapittel 10.

Alle kan sende innspel og kommentarar til søknaden. Innspela sendast Fylkesmannen i Innlandet, enten via denne sida, på e-post til fminpost@fylkesmannen.no eller per brev til postboks 987, 2604 Lillehammer, innan 8. august 2019.

Søknadsdokumenter kan lesast til høgre på denne sida.