Spreieareal for husdyrgjødsel

Her finn du diverse skjema og malar for spreieareal og bruk av husdyrgjødsel.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 26.04.2017

Det er berre lov til å spreie husdyrgjødsel på godkjent spreieareal, og det må vera nok spreieareal i høve til dyretalet. Fulldyrka jord er automatisk godkjent som spreieareal. Dersom ein vil spreie husdyrgjødsel på innmarksbeite, må kommunen godkjenne arealet på førehand.

Føretak med høg produksjon i høve til arealgrunnlaget vil ofte ha for lite spreieareal dersom ein ikkje gjer tiltak. Dette gjeld til dømes mjølkeproduksjon med mykje innkjøpt fôr, grisehald og fjørfehald.

Dersom leigejorda ligg så langt unna at ein normalt ikkje har høve til å spreie husdyrgjødsel på staden, så er dette arealet ikkje del av spreiearealet. Berre areal som i praksis blir brukt til spreiing av husdyrgjødsel og som er i produksjon kan bli godkjent som spreieareal.

Spreieareal på innmarksbeite

For å kunne spreie husdyrgjødsel på innmarksbeite, må ein søkje kommunen. Areal der ein ikkje kan spreie husdyrgjødsel blir heller ikkje rekna som spreieareal. Under dokumenter finn du søknadsskjema om godkjenning av spreieareal.

Spreiearealet skal tilpassast dyretalet

Føretaket skal ha 4 dekar tilgjengeleg spreieareal per gjødseldyreining (GDE). Ei mjølkeku tilsvarer 1 GDE. Under dokumenter finn du hjelpeskjema «Dyr, beiting, gjødsel og spredeareal på foretaket» med tabell for omrekning for andre dyreslag.

Dersom ein ikkje har nok spreieareal, kan ein leige ledig spreieareal eller levere gjødsel til andre som har overskot av spreieareal. Mottakaren må då inkludere gjødsla i sin gjødslingsplan. All levering av gjødsel må dokumenterast.

Forbod mot husdyrgjødsel i utmark

Det er ikkje lov å spreie husdyrgjødsel i utmark, sjølv om arealet har vore innmark tidlegare. Dersom ein har behov for å kultivere opp utmark til grasbeite ved hjelp av husdyrgjødsling, kan ein søkje kommunen om dispensasjon frå dette. Ein må då lage skriftleg oversikt både over behov for beite, korleis ein skal kultivere beitet og når det skal vere ferdig innmarksbeite. Det er særs viktig å vente med eventuelle tiltak til ein har fått skriftleg svar frå kommunen, då det er strengt forbode å spreie husdyrgjødsel i utmark. Under dokumenter finn du søknadsskjema om dispensasjon.

Unngå gjødsling på artsrike areal

Artsrike areal er gjerne artsrike nettopp fordi dei aldri har blitt særleg gjødsla. Ofte vil det vera mogleg å få tilskott for å la vera å gjødsle slike areal og for å ha ei drift som tek vare på verdiane vidare, til dømes gjennom Regionalt miljøprogram.

Dersom ein likevel ønskjer å gjødsle ei artsrik slåttemark, er det krav om å gi melding til kommunen. Sidan dette er ein utvalt naturtype må ein få svar frå kommunen før ein eventuelt kan gjødsle. Gjødsling vil øydelegge den artsrike slåttemarka.

Artsrike beite er ikkje ein utvalt naturtype, men kan likevel ha artar av planter og sopp som er utrydningstruga. Areala er oftast registrert i naturbase og toler ikkje gjødsling. Som grunneigar og gardbrukar bør ein kjenne til kva som er registrert for eigne areal og leigeareal.

Konsekvensar dersom du bryt regelverket

Dersom drifta ikkje er i samsvar med regelverket, kan dette gi fare for forureining. Heile eller delar av produksjonstilskotet kan bli avkorta ved brot på regelverk som gjeld gjødsling og forureining frå landbruksdrifta. I ekstra alvorlege saker vil kommunen vurdere melding til politiet, som kan gi straff i tillegg til eventuelt tvangsgebyr og avkorting i tilskott.