Draumetilhøve for granborkbiller?

(Foto: Christer Sandum)

Det var masseutbrot av granborkbiller i Noreg på 1970 og -80-talet. Billene tok livet av svært mange tre, og samfunnet og skogeigarane leid store økonomiske tap. Tørkesomrar var årsaka. Korleis er stoda i Telemark etter den tørre sommaren 2018?

I sørleg del av Telemark fekk mange tre knekt av toppe på grunn av mykje og tung snø i vinter. Det er særleg registrert mykje snøbrekk i høgdelaget 50-150 moh i Siljan kommune og i Oklungen i Porsgrunn kommune. Det er hovudsakleg gran- og lauvtre som er råka. Ein del av grana med toppbrekk har starta å tørke. I samband med det ser vi oppblomstring av granborkbilleførekomsten. Granborkbiller kan i visse høve drepe mange tre slik som under "billekrigen" i Noreg på 1970 og -80-talet.

Fritzöe Skoger er blant dei som er råka av mykje snøbrekk. Deira driftssjef for skogsdrift Christer Sandum, seier at der det er grunnlendt og lite fukt er det ein del klynger med gran som har tørka. Dessutan ser dei vesentleg meir nytørka gran i hogstkantar no enn dei har gjort dei siste åra. Hogst av areal med mykje toppbrekk starta i sommar og vil gå føre seg til godt utpå vinteren i 2019, seier Sandum.

Elles i Telemark ser det ut til å ikkje vere registrert særskilte problem med granborkbiller no. Skogansvarleg i Fyresdal kommune, Aslak Momrak-Haugan, fortel at dei ikkje har registrert nye område som har vore utsett for barkebilleangrep i sommar. Fleire område med barkebilleførekomstar er hogd.

Granborkbiller. Foto: Fylkesmannen i Telemark

Granborkbiller. Foto: Fylkesmannen i Telemark (Foto: John Olav Brunvatne)

Problemet ser ut til å vere mindre enn frykta, men effekten av den tørre og varme sommaren kan kanskje ikkje sjåast før neste sommar. Sommartemperaturen året før betyr mykje for talet på biller året etter. Sidan 1979 har det blitt samla inn granborkbiller kvart år i kommunane i Telemark og andre fylke for å kartlegge stoda.

Kontaktpersoner