Prisdryss over Telemark

BU-pris frå Telemark.
BU-pris frå Telemark. (Foto: Bob Gottschal)

BU-prisen 2018 i Telemark gjekk til Nordbø gard & stule i Hjartdal. Innovasjon Noreg, Fylkesmannen, ordførar og leiar av Bondelaget var til stades under prisutdelinga.

BU-prisen 2018 i Telemark gjekk til Olav og Lorimen Nordbø frå Nordbø gard & stule i Hjartdal. Garden er den einaste i Hjartdal kommune som har ei seter i drift med mjølkeproduksjon og foredling til rømme, smør, ost og prim etter gamle lokale oppskrifter. På dette bruket med 14 mjølkekyr, 40 andre storfe og 30 vinterfora sau har parat skapt seg ein arbeidsplass på om lag 2 årsverk.

Olav og Lorimen er også eit førebilete med tanke på bruken av garden sine ressursar på ein så god måte. Det viser at eit bruk med avgrensa ressursar i Telemark også kan vere berekraftig. Verdien av utmarka knytt til stulen speler ein viktig rolle her.

Paret har fått med barna på laget. Det lover godt for rekruttering til framtidig drift. Nordbø gard & stule er ein verdig og stolt vinnar som passar godt å framheve i eit år der stølsdrift er prioritert i jordbruksavtalen.

Ein stolt bonde med familien sin tok imot BU-prisen på fredag 9. november heime på garden i Hjartdalbygda i Hjartdal kommune.

BU-prisvinnarane 2018

BU-prisvinnarane 2018 (Foto: Bob Gottschal)

Juryen har bestått av Fylkesmannen i Telemark og innovasjon Noreg.

Prisvinnaren er i godt selskap: tidlegare denne månaden fekk 2 andre osteprodusentar frå Telemark prisar i Oste-VM 2018 i Bergen.

Fylkesmannen gratulerer!

Sjå også oppslag på Innovasjon Noreg.