Andelsgardar og politikarar i møte med "Haver til Maver" - danskane si store satsing på skolehagar som kunnskapsarena for auka berekraft

Porsgrunn Andelsgård oktober 2018. Foto: Ellen Dagsrud
Porsgrunn Andelsgård oktober 2018. Foto: Ellen Dagsrud (Foto: Ellen Dagsrud)

I oktober arrangerte Økologisk Norge, i samarbeid med Porsgrunn Andelsgard og Fylkesmannen i Telemark, regionalt nettverksmøte for andelsgardar i Søraust-Noreg i Porsrunn. Talet på andelsgardar har auka betydeleg dei siste åra og utgjer i dag ca. 80 gardar.

Definisjonen på andelslandbruk er følgjande: - Andelslandbruk er eit langsiktig samarbeid mellom forbrukarar og dei som produserer mat og andre landbruksprodukt. Ansvar, risiko og avling blir delt mellom partane etter avtale for eitt år om gangen. Organisasjonen Økologisk Norge har i dag ansvar for å drifte nettverket. Meir informasjon finn du på nettsida til andelslandbruk.

Tema for samlinga var andelsgarden som læringsarena. Bakgrunnen er den auka etterspørselen etter grøne klasserom ifrå barnehage til vidaregåande skolar og universitet. Alt tyder på at det ligg unike læringsdimensjonar i landbrukstenkinga, ikkje minst med tanke på det nye berekraftsamfunnet som vi nå skal byggje. Heilheitstenking blir avgjerande. Porsgrunn Andelsgard er ein av gardane som i fleire år har tatt imot klassar ifrå Borge skole og deler gjerne sine erfaringar.

For å nå ut til enda fleire, blei det kvelden før arrangert eit åpent møte for politikarar og andre interesserte. Her deltok også Sally Nordlund Andersen frå organisasjonen Haver til Maver, danskane si store satsing på skolehagen som den ultimate læringsarena og verktøy for auka berekraft. Som organisasjonen sjølv definerer seg; - Haver til Maver dyrker virkelighedens skole, hvor børn arbejder med Mad, Have og Natur og udvikler sammenhængsforståelse. Alle børn har ret til en have. I oktober kunne dei lansere den 40-ende skolehagen på Danmarkskartet.