Tilsyn med Luster kommune

Fylkesmannen skal føre tilsyn med kommunane sine lovpålagde plikter, og rettstryggleiken ved bruk av makt og tvang ovanfor personar med psykisk utviklingshemming.

Vi vil føre tilsyn med kommunane Lærdal, Luster og Høyanger etter kapittel 9 i helse- og omsorgstenestelova. Tilsynet vert gjennomført som systemrevisjon der vi innhentar dokumentasjon i forkant og intervjuar fleire tilsette i tenesta samt leiinga.

Tilsynet rettar seg mot systemnivå.

Vi vil utarbeide tilsynsrapport etter kvart tilsyn som vert sendt til kommunane og publisert på vår heimeside.

Dato:
17. oktober - 18. oktober
Sted:
Luster
Ansvarlig:
Fylkesmannen v/Linda Svori

Kontaktpersoner