Tilsyn med krisesentertilbodet i kommunane

Fylkesmannen skal gjennomføre tilsyn med kommunanes plikter etter krisesenterlova §§ 2, 3, 4 og 8.

Vi vil i 2018 gjennomføre tilsyn med kommunane Eid, Førde, Sogndal og Vågsøy. Tema for tilsynet er kommunens oppfølging i re-etableringsfasen, inkludert om kommunen sørgjer for at barn, kvinner og menn som er utsett for vald eller truslar om vald i nærer relasjonar, får ei heilskapleg oppfølging gjennom samordning av tiltak mellom krisesenteret og andre delar av tenesteapparatet, jf. krisesenterlova §2, jf. § 4. Tilsynet blir gjennomført som eit skriftleg tilsyn, der vi ber kommunane svare på spørsmål og sende inn dokumentasjon. Vi vil utarbeide tilsynsrapport som blir sendt kommunane, og publisert på heimesida vår.

I tillegg vil vi gjennomføre stikkprøvetilsyn med Gulen kommune, der tema er krisesentertilbodet i kommunen.

Vi fører tilsyn med dei systema kommunen har oppretta for å sikre at krisesentertilbodet oppfyller lovas krav. Vårt tilsyn rettar seg mot systemnivå og ikkje individnivå.

Dato:
1. september - 31. desember
Sted:
skriftleg tilsyn og stikkprøvetilsyn
Ansvarlig:
Fylkesmannen v/ Gunn Randi Bjørnevoll
Målgruppe:
kommunane Eid, Førde, Gulen, Sogndal og Vågsøy

Kontaktpersoner