Tilsyn med Sogn og Fjordane ungdomssenter, avd. Meltunet

Fylkesmennene har gjennomført landsomfattande tilsyn med barnevernsinstitusjonar i 2018, for å sjå på den daglege omsorga barna får og institusjonanes bruk av tvang.

Vi gjennomførte tilsyn med Sogn og Fjordane ungdomssenter, avd. Meltunet 22. -23.05.2018. Vi undersøkte om Meltunet sikrar at barn og ungdomar får forsvarleg omsorg den tida dei bur der, og at førebygging, gjennomføring og oppfølging av tvang skjer i samsvar med krava i barnevernlova og forskrifter til lova, slik at alle barn og ungdomar som bur på Meltunet får trygge og gode tenester.

Det vart avdekt følgjande lovbrot under tilsynet: Sogn og Fjordane ungdomssenter, avd. Meltunet, sikrar ikkje i tilstrekkeleg grad førebygging og handtering av konfliktsituasjonar, noko som kan gjere det utrygt for ungdomane på institusjonen. Institusjonen har ikkje rutinar som sikrar at det vert etablert system rundt kvar enkelt ungdom som gjer det mogleg å handtere vanskelege situasjonar utan bruk av tvang, eventuelt med adekvate tvangstiltak når det er nødvendig.

Dette er brot på barnevernlova §§ 1-4, 4-1 og 5-9, jf. rettigheitsforskrifta §§ 1, 12, 13 og 14, og internkontrollforskrifta §§ 10 og 12.

Vi har bedt om at institusjonen innan 16.11.2018 sender oss ein plan for retting av lovbrotet.

Rapporten finn du på Helsetilsynet si nettside.

Under tilsynet fekk barna som er plassert på institusjonen tilbod om samtale. Vi undersøkte om deira rett til medverknad blir ivareteken. Tilsynet vart gjennomført som systemrevisjon. Ein systemrevisjon er ein systematisk undersøking av om styringssystemet sikrar etterleving av krav som er gitt i eller i medhald av lov. 

Dato:
22. mai 09:00 - 24. mai 15:00
Sted:
Nordfjordeid
Ansvarlig:
Fylkesmannen v/ Gunn Randi Bjørnevoll
Målgruppe:
barnevernsinstitusjonar

Kontaktpersoner

Lenker

Dokumenter