Tilsyn med Klokkergårdstiftelsen, avd. Måløykollektivet

Fylkesmennene har gjennomført landsomfattande tilsyn med barnevernsinstitusjonar i 2018, for å sjå på den daglege omsorga barna får og institusjonanes bruk av tvang. 

Vi gjennomførte tilsyn med Måløykollektivet 12. - 14.06.2018. Vi undersøkte om Måløykollektivet sikrar at barn og ungdomar får forsvarlig omsorg den tida dei bur der, og at førebygging, gjennomføring og oppfølging av tvang skjer i samsvar med krava i barnevernlova og forskrifter til lova, slik at alle barn og ungdomar som bur på Måløykollektivet får trygge og gode tenester. Det vart ikkje avdekt lovbrot under tilsynet. Tilsynet er avslutta.

Rapporten finn du på Helsetilsynet sin nettstad.

Alle barna som er plassert på institusjonen fekk tilbod om samtale. Vi undersøkte om deira rett til medverknad blir ivareteken. Tilsynet vart gjennomført som systemrevisjon. Ein systemrevisjon er ein systematisk undersøking av om styringssystemet sikrar etterleving av krav som er gitt i eller i medhald av lov.

Dato:
12. juni 09:00 - 14. juni 16:00
Sted:
Vågsøy
Ansvarlig:
Fylkesmannen v/ Gunn Randi Bjørnevoll
Målgruppe:
barnevernsinstitusjonar

Kontaktpersoner

Lenker

Dokumenter