Tilskot til leirskuleopplæring - rapporterast i GSI

Kommunane skal frå hausten 2018 registrere leirskuleopphald i samband med rapportering i GSI. Dette dannar grunnlaget for tildeling av tilskot til leirskuleopplæring.

Frå og med vårhalvåret 2018 er forvaltninga av tilskotet overført frå Fylkesmannen til Utdanningsdirektoratet.

Rapportering i GSI per 1. oktober

I GSI skal kommunane registrere leirskuledeltaking

  • gjennomført føregåande vårsemester
  • gjennomført om hausten inneverande skuleår
  • planlagt til våren inneverande skuleår

Utbetaling i desember

På grunnlag av registreringa kommunen gjer i GSI vil Utdanningsdirektoratet utbetale tilskotsbeløpet i desember.

Stikkprøvekontroll

Det kjem til å bli gjennomført stikkprøvekontrollar i tilskotsordninga. Kommunen må kunne dokumentere at leirskuleopplæringa er gjennomført slik det er rapportert i GSI med rekneskapsbilag og elevlister.

Les meir om tilskotet på udir.no

Søknadsfrist:
01.10.2018 00:00:00
Målgruppe:
Kommunane
Ansvarlig:
Utdanningsdirektoratet
Hvem kan søke:
Kommunar som sender elevar på leirskuleopphald
Rapporteringsfrist:
01.10.2018 00:00:00

Kontaktpersoner