Tilskot til symjeopplæring for nyankomne minoritetsspråklige elevar 2018

Departementet har sett av midlar for å for å gje nykomne minoritetsspråklege elevar symjeopplæring.

Mange nykomne minoritetsspråklege elevar har ikkje gjennomført symjeopplæring, og gruppa er overrepresentert i ulykker på grunn av manglande symjedugleik.

Departementet har på grunnlag av dette, sett av midlar for å stimulere kommunane til ekstra innsats for å gje nykomne minoritetsspråklege elevar symjeopplæring.

Sogn og Fjordane har motteke kr. 400 000 til fordeling til kommunar etter søknad.  Kommunen kan søkje om inntil kr. 1 750 kroner per elev. Andre kostnader må kommunen dekke sjølv.

Mål for ordninga

Målet for tilskotet til symjeopplæring er å redusere risikoen for ulykker i samband med bading og å setje elevane betre i stand til å nå kompetansemåla i læreplanen. I læreplanane er det eit mål at elevane skal vere symjedyktige etter 4. årstrinn.

Kven kan søkje

Hovudmålgruppa er nykomne minoritetsspråklege barn, unge og vaksne som er omfatta av grunnskuleopplæringa. Det er berre kommunar med nykomne minoritetsspråklege elevar som kan søkje midlar. Dersom kommunen ser at det er andre elevar som ikkje kan symje eller ikkje har hatt høve til å delta i symjeundervisning, kan også desse ta del i symjeopplæringa.  Desse skal ikkje takast med i søknaden.

Søknadsfrist er 10. august, søknaden skal sendast til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

 

Søknadsfrist:
10.08.2018 00:00:00
Målgruppe:
Nykomne minoritetsspråklege barn, unge og vaksne som er omfatta av grunnskuleopplæringa
Ansvarlig:
Fylkesmannen
Hvem kan søke:
Kommunar med nykomne minoritetsspråklege elevar
Rapporteringsfrist:
31.12.2018 00:00:00

Kontaktpersoner