Tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL)

Føremålet med tilskotsordninga Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) er å ivareta natur- og kulturminneverdiane i kulturlandskapa til jordbruket, og å redusere ureininga frå jordbruket, ut over det som blir forventa gjennom vanleg jordbruksdrift. Eit viktig mål med ordninga er å få til ein målretta innsats med utgangspunkt i lokale behov, utfordringar og målsetjingar.

Kommunen handsamer og avgjer søknadar om tilskot. Kommunane utarbeider overordna retningslinjer for prioritering av søknadane (lokale tiltaksstrategiar). Det skal søkjast på eige søknadsskjema.

Kommunen kan fastsetje søknadsfrist.

De finn meir informasjon under "Spesielle miljøtiltak i jordbruket".

Legg til i egen kalender
Søknadsfrist:
31.12.2018 00:00:00
Målgruppe:
Eigarar av landbrukseigedom i drift
Ansvarlig:
Fylkesmannen v/ Trude Knutzen Knagenhjelm
Hvem kan søke:
Føretak der det går føre seg ein tilskotsberettiga produksjon på landbrukseigedomen, og som oppfyller vilkåra i forskrift 19. desember 2014 nr. 1817 om produksjonstilskudd og avløsertilskudd i jordbruket § 2 og § 3 eller § 4