Tilskot til psykologstillingar i kommunane 2018

Med atterhald om budsjettvedtak i Stortinget har Helsedirektoratet lyst ut tilskotsmidlar til psykologstillingar i kommunal helse- og omsorgsteneste.

 

Tilskotsordninga skal bidra til å auke rekrutteringa slik at psykologkompetanse vert tilgjengeleg over heile landet. Psykologkompetanse skal vere med på å styrke kvaliteten innan psykisk helse, rus-, vald- og traumefeltet, samt bidra til å inkludere psykisk helse som ein likeverdig del av folkehelsearbeidet.

Tilskotsbeløp per 100 % stilling er kr. 400.000,-. Kommunar som ikkje har søkt om tilskot tidlegare vil verte prioriterte.

Les meir på  Helsedirektoratet si heimeside

Søknadsfrist:
01.02.2018 00:00:00
Målgruppe:
Kommunane
Ansvarlig:
Helsedirektoratet og Fylkesmannen
Hvem kan søke:
Kommunane
Rapporteringsfrist:
01.02.2018 00:00:00

Kontaktpersoner