Tilskot til kommunar og Nav-kontor

Arbeids- og velferdsdirektoratet har lyst ut tre ulike tilskot som kommunar/Nav-kontor kan søkje på. Søknadsfristen er 1. februar 2018.

Informasjon, søknadsskjema og regelverk for alle ordningane er samla på Nav sin nettstad. Søknadsskjema for alle ordningane skal sendast til: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger eller på e-post. Søknadane skal vurderast av Fylkesmannen før vi sender dei vidare til Arbeids- og velferdsdirektoratet saman med vår innstilling.

Tilskot til utvikling av sosiale tenester i Nav-kontoret

Føremålet er å stimulere til utvikling av dei sosiale tenestene i Nav-kontora, og alle kommunar kan søkje om dette tilskotet. Ei viktig målsetjing med prosjekta skal vere å bidra til nytenking og utvikling av nye arbeidsmåtar, og å få fram kunnskap og erfaringar som er overførbare til andre Nav-kontor. Det er viktig at utviklingsprosjekta er godt forankra politisk, i leiinga i kommunen og i Nav-kontoret. Direktoratet ønskjer at prosjekta som får tilskot vert styrt og følgt tett opp i kommunen, og dei bør vere del av kommunens heilskaplege utviklingsarbeid.

Tilskot til tiltak mot barnefattigdom

Nye kommunar kan ikkje søkje. Kommunar som fekk midlar første gang i 2016 og kommunar som fekk midlar første gong i 2015, men starta opp i 2016, kan søkje om vidareføring av tilskotet. I vårt fylke betyr dette at det er Luster kommune som kan søkje.

Tilskot til bustadsosialt arbeid

Nye kommunar kan ikkje søkje. Kommunar som mottok tilskot i 2017 kan søkje om vidareføring av tilskotet. I vårt fylke betyr dette Sogndal, Luster og Leikanger.

Søknadsfrist:
01.02.2018 23:59:00
Målgruppe:
Kommunar og Nav-kontor
Ansvarlig:
Arbeids- og velferdsdirektoratet
Hvem kan søke:
Kommunar og Nav-kontor

Kontaktpersoner