Tilskot til drenering

Føremålet med ordninga er å auke kvaliteten på tidlegare grøfta jordbruksjord for å auke jordbruksproduksjonen, og å redusere faren for erosjon og avrenning av næringsstoff til vassdrag.

Kommunen handsamer og avgjer søknadar om tilskot. Det skal søkjast på eige søknadsskjema.

Kommunane kan fastsetje eigne søknadsfristar.

De finn meir informasjon på nettsida vår om tilskot til drenering.

Legg til i egen kalender
Søknadsfrist:
31.12.2018 00:00:00
Målgruppe:
Føretak som eig eller leiger jordbruksareal
Ansvarlig:
Fylkesmannen v/Trude Knutzen Knagenhjelm
Hvem kan søke:
Føretak som eig eller leiger jordbruksareal som tidlegare er grøfta og drenerer dette. For planerte areal kan det løyvast tilskot til areal som ikkje er grøfta tidlegare.