Ny tilskotsordning for fallvilt og skrantesjuke

Miljødirektoratet har oppretta ei ny tilskotsordning der kommunane kan få dekka kostnadane med prøver dei tek av fallvilt av hjortevilt i samband med skrantesjuka (CWD).

Tilskotet er kr 350,- pr. dyr og gjeld alt hjortevilt. For Sogn og Fjordane vil det vere mest aktuelt med prøvetaking av hjort.

Fallvilt vil oftast vere påkøyrde dyr, men kan og vere funn av daude eller skada hjortevilt av andre årsaker.

Søknadsfristen er 8. desember 2017 for fallviltåret 2016/2017. Fallviltåret går frå 1. april – 31. mars.

For inneverande fallviltår, som går frå 1. april 2017 til 31. mars 2018 vil søknadsfristen vere 1. mai 2018.

Søknadsfrist:
01.05.2018 00:00:00
Målgruppe:
Kommunane
Ansvarlig:
Miljødirektoratet
Hvem kan søke:
Kommunane

Kontaktpersoner