Lønnstilskot til avansert klinisk sjukepleie i kommunane 2018

Føremålet med tilskotsordninga er å støtte kompetansebygging i kommunane ved å vidareutdanne sjukepleiarar i avansert klinisk sjukepleie. Målet er å ivareta behandling og rehabilitering hjå innbyggjarar med behov for avansert sjukepleie frå den kommunale helse- og omsorgstenesta. Ny søknadsfrist er 01. mai 2018

Tilskotsramma er auka i statsbudsjettet for 2018 og utgjer nå 10 millionar mill. kroner til ordninga. Regelverket er revidert og nytt, forenkla tilleggsskjema er utvikla. Dette skal leggjast ved søknadsskjema i Altinn.

Den statlege tilskotssummen er basert på kostnader tilsvarande 25% av brutto, gjennomsnittleg årslønn for kommunalt tilsette sjukepleiarar. I 2018 vil det bli betalt ut ein fast sum tilsvarande 2 700 kroner per studiepoeng for planlagt masterutdanninga i avansert klinisk sjukepleie i søknadsåret. Kommunen må betale tilsvarande 25 % av bruttoløn slik at sjukepleiarar under utdanning er sikra minimum 50 % løn.

Les meir om tilskotsordninga og søknad på helsedirektoratet si heimeside.

Søknadsfrist:
01.05.2018 00:00:00
Målgruppe:
Sjukepleiarar i helse- og omsorgstenesta i kommunen
Ansvarlig:
Helsedirektoratet
Hvem kan søke:
Kommunar, Stiftelsar, Private bedrifter, Organisasjonar. Kommunar og kommersielle og ideelle tilbydarar av kommunale helse- og omsorgstenester som har driftsavtale med kommunar kan søke ordninga. Private tilbydarar som søkjer må dokumentera at verksemda har avtale med ein eller fleire kommunar.

Kontaktpersoner