Oppgåver og ansvar

Fylkesmannen er statens representant i fylket, og har ansvar for å følgje opp vedtak, mål og retningslinjer frå Stortinget og Regjeringa. Fylkesmannen skal dessutan fremje fylket sine interesser, og kan dermed ta initiativ både lokalt og overfor sentrale styresmakter.

Visjonen vår er å vere
ein ressurs til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

Fylkesmannen skal

  • sikre at innbyggjarane får dei rettane og tenestene dei har krav på
  • sjå til at nasjonal politikk vert gjennomført
  • samordne statleg verksemd i fylket
  • vere støttespelar og rettleiar for kommunane
  • informere sentrale styremakter om viktige spørsmål i fylket

Vi utfører oppgåvene våre gjennom saksbehandling, rettleiing, tilsyn og utviklingsarbeid.

Fylkesmannen har ansvar for oppgåver knytt til:

  • helse- og sosialområdet
  • kommunal forvaltning
  • samfunnstryggleik
  • miljøvern
  • barn og familie
  • utdanning og barnehage
  • landbruk  

Fylkesmannen kjenner kommunane, og i løpet av eit år har vi også kontakt med svært mange enkeltmenneske i ulike situasjonar og livsfasar. Det kan handle om skilsmisse, førarkortsaker, tilskotsordningar, ulike typar klagesaker, bygdeutvikling, erstatning etter rovviltskader og fri rettshjelp – for å nemne noko. Vi jobbar heile tida for at omverda skal oppleve Fylkesmannen som tilgjengeleg, nær og løysingsorientert.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har lagt vekt på å utvikle og ta i bruk IKT-løysingar som gjer at vi kan løyse oppgåvene våre meir effektivt. Fleire av løysingane våre er tekne i bruk også av andre.

Aktuelt

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har kring 135 tilsette som er organisert i seks avdelingar. På Leikanger har vi lokale i Statens hus saman med Skatteopplysningen og Skatt Vest.  Landbruksavdelinga vår held til i Førde.

Fylkesmann Anne Karin Hamre