Historikk

I 1662 fekk dei største lokale administrative einingane nemninga amtmann. I 1919 vart dette endra til fylkesmann. I fylket vårt går embetet tilbake til 1763 då dei nordlegaste fogderia i Bergenhus Stiftsamt vart utskilde som Nordre Bergenhus amt. I 1919 vart namnet endra til Sogn og Fjordane.

Joachim de Knagenhjelm (1727-1796) frå Kaupanger var den første amtmannen i Nordre Bergenhus Amt. Dagens fylkesmann i Sogn og Fjordane heiter Anne Karin Hamre.

Oversikt over tidlegare fylkesmenn:

1763-1771 Joachim de Knagenhjelm
1771-1779 Magnus Theiste.
1780-1781 Ditlev von Pentz
1781-1788 Jones Ramus Petersen
1788-1789 Nils Dorph Gunnerus
1789-1794 Peter H. Harboe
1794-1801 Andreas Hjort
1802-1811 Nils Andreas Vibe
1811-1814 Herman Gerhardt Treschow
1814-1822 Christian Magnus Falsen
1822-1831 Edvard Hagerup
1831-1832 Fredrik Riis
1833-1844 Christian Ulrich Kastrup
1844-1852 Hans Tostrup
1852-1861 Michael Conrad Sophus Emil Aubert
1861-1869 John Collett Falsen
1870-1875 Nicolai Ditlev Anton Ræder
1875-1889 Carl Laurits Mechelborg Oppen
1889-1902 Olaj Johan Olsen
1902-1910 John Utheim
1910-1930 Ingolf Elster Christensen
1930-1941 Hans Kristian Seip
1941-1944 Vidar Atne
1944-1945 Konrad Sundlo
1945-1945 Nils O. Øvrebø
1945-1971 Nikolai Schei
1971-1976 Arne Ekeberg
1971-1994 Ingvald Ulveseth
1994-2011 Oddvar Flæte
2011-         Anne Karin Hamre