Om oss

Fylkesmann Anne Karin Hamre

 

Bilde av fylkesmann Anne Karin Hamre framfor Statens hus i Leikanger

Anne Karin Hamre er fylkesmann i Sogn og Fjordane. Ho er fødd i 1965, gift og har tre barn.

Frå 13. august 2018 har Anne Karin Hamre permisjon frå jobben som fylkesmann. I denne perioden vil ho gå på Forsvarets høgskule. Etter avslutta permisjon vil ho 12. november ta til som ekspedisjonssjef i regionalpolitisk avdeling i Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Gunnar O. Hæreid fungerer som fylkesmann fram til samanslåinga med Fylkesmannen i Hordaland frå 2019.

 

Utdanning

Cand. polit. frå Universitetet i Bergen med hovudfag i administrasjons- og organisasjonsvitskap, sosiologi grunnfag og bedriftsøkonomutdanning frå BI.

 

Arbeidserfaring

Hamre har vore tilsett hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane sidan 1998, som rådgjevar, administrasjonssjef og assisterande fylkesmann. Ho vart utnemnd til fylkesmann i juni 2011. Hamre er utnemnd for ein periode på seks års. Tidlegare har ho arbeidd som journalist i ulike mediebedrifter, ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, som dagleg leiar i ei verksemd som dreiv med kompetansemekling. Hamre har prosjektleiarerfaring frå organisasjonsutvikling, e-læring og digital forvaltning.

 

Verv / Sidegjeremål

Styreleiar for Veterinærinstituttet 2015 – 31.12.2018 
Leiar av Pelsdyrutvalet frå 4.10.13 – 15.12.14
Medlem av nasjonalt utval for busetjing av flyktningar frå 2014 – 2017

 

Dette er fylkesmennene.