Mange vil jobbe med forvaltning av nasjonalparken

Vi har fått 43 søkjarar til eit eittårig engasjement knytt til forvaltning av Jostedalsbreen nasjonalpark. 22 menn og 21 kvinner har søkt.

Fylkesmannen er arbeidsgjevar for forvaltarane av nasjonalparkar og større verneområde. Sjølve forvaltninga og vedtaksmynde er lagt til nasjonalparkstyret. I styret sit ein politikar frå kvar av dei sju kommunane med areal i nasjonalparken, og ein politikar frå Sogn og Fjordane fylkeskommune.

– Det er gledeleg at mange har lyst til å jobbe med forvaltning av nasjonalparken, og at vi får så mange godt kvalifiserte søkjarar til ei stilling, seier nasjonalparkforvaltar Maria Knagenhjelm. Dette syner at mange vil vere med å forvalte juvelane av norsk natur. Vi trur også det syner at Fylkesmannen i Sogn og Fjordane er ein attraktiv arbeidsgjevar.

Tilsetjinga vert venteleg avgjord rundt 1. juni.

Kontaktpersoner