Tjønnane naturreservat

Området er dominert av terrengdekkjande haugmyr med spreidd furu, og går nedover i liene over i røsslyng-fuktfuruskog. Sentralt ligg ei strengmyr, i tillegg til fleire flatmyrar og tjørner.

Røsslyng, saman med m.a. krekling og kvitlyng, spelar ei viktig rolle på dei terrengdekkjande myrane, som er fastmatte-dominerte, men der også tuer og høljer finst. Flatmyrane er mjukmattedominerte, med mykje bjønnskjegg. I botn dominerer dvergtorvmose, men stadvis er også svelttorvmose, bjørnetorvmose og vasstorvmose vanlege. På strengmyra dominerer sivblom i flarkane, og bjønnskjegg og vortetorvmose på strengene. Kvitkrull og andre reinlav-artar dominerer botnsjiktet på dei terrengdekkjande myrane, og floraen i området har i det heile eit visst innslag av fjell-artar og artar som ikkje finst på kysten.

I Tjønnane ser ein vekslingar mellom topogen myr (eller: attgroingsmyr, dvs. myr danna ved attgroing av vassfylte søkk i terrenget) og soligen myr (forsumpingsmyr, danna ved forsumping av fastmark). Truleg gjeld skilnaden ikkje berre opphavet, men også alderen: Medan topogene myrar (dvs. attgroingsmyrar) ofte har ei historie heilt attende til istida, der dei nedste laga er botnfall i tjørner, er mange forsumpingsmyrar danna først då klimaet vart kaldare og våtare. Tjønnane naturreservat er særmerkt ved å ha både strengmyr (som er knytt til innlandsklima) og terrengdekkjande myr (som krev kystklima). Strengmyra i Tjønnane er ein del av ei attgroingsmyr, noko som også er utypisk, då strengmyr som oftast vert danna i svakt hallande terreng, med strengene vinkelrett på fallretninga. Truleg er fryse- og tineprosessar ein del av forklaringa på strengdanninga, og vinterkulda i innlandsstrok er kanskje vesentleg.

Danninga av terrengdekkjande myr har truleg samanheng med at klimaet vert fuktigare i høgda, med høgare nedbør og mindre fordamping, men den avrunda ryggforma på terrenget er også viktig. Sannsynlegvis er det også eit underlag av finkorna mineralmassar som held på fukt og som såleis har fremja vokster av torv sjølv på høgdedraga. Terrengdekkjande myr har ofte ein vegetasjon av røsslyng og lav som skil seg lite frå det ein finn på skrinne og tørre berg.

I motsetnad til terrengdekkjande myr på kysten, har Tjønnane ein god del furuskog. Det knyter seg interessante spørsmål til samanhengen mellom myrvokster og tresetnad. Danning av terrengdekkjande myr på kysten har temmeleg sikkert vorte fremja av avskoginga som menneske har stått for. Tre kan til ei viss grad tørke opp myr, og kan også kvele torvmosane med lauv- og nålestrø. Det er likevel godt mogleg at ei viss dekning av glissen furuskog, som i Tjønnane, kan vere ein stabil tilstand som ikkje hindrar torva i å vekse.

Tjønnane naturreservat er neppe vesentleg truga i dag, når ein ser vekk frå mogleg ureining med nedbøren (spesielt nitrogenavsetjing) og komande klimaendringar. Dette naturreservatet er det ikkje utarbeidd framlegg til forvaltingsplan for, då det i dag neppe er trong for skjøtselstiltak. Eitt tema er likevel aktuelt også her, nemleg tilhøvet til innførte artar. Ut i frå verneføremålet legg forvaltingsstyresmakta til grunn at eventuelle framande artar bør fjernast etter kvart. Det er store plantingar av vestamerikansk hemlokk (Tsuga heterophylla) ikkje langt unna, og ein hemlokkplante som hadde sådd seg i Holeskaret vart oppdaga 17.9.2008, og fjerna straks.

Innførte artar som spreier seg i verneområda er eit trugsmål som har fått auka merksemd. Ein liten, sjølvsådd hemlokkgran i Holeskaret (til venstre i biletet) vart difor riven opp av forvaltingsstyresmakta.

Innførte artar som spreier seg i verneområda er eit trugsmål som har fått auka merksemd. Ein liten, sjølvsådd hemlokkgran i Holeskaret (til venstre i biletet) vart difor riven opp av forvaltingsstyresmakta.