Naturminne

Geologiske, botaniske eller zoologiske førekomstar kan få status som naturminne ut frå vitskapleg eller historisk interesse. Dette har som regel vore små, avgrensa lokalitetar eller enkeltførekomstar, typisk er særmerkte tre. 

Arbeidet med naturvern i Norge begynte i stor grad med vern av slike enkeltobjekt, men naturminne er ei verneform som i liten grad blir brukt i dag.

Kommune

Vernedato

Namn - naturverdi

Kart

Merknad

Aurland

26.05.1933

"Bleiklindi" v/Styvi, ei lind

-

 

Bremanger

31.07.1931

"Hanshjellen", Førde, ei furu

-

 

Bremanger

07.06.1935

"De 11 apostler", Davik, gruppe furu

-

Oppheva

Fjaler

13.05.1932

To bjørketre på Mjølkeseten, Flekke

-

 

Gaular

07.06.1935

Lunde, ei rogn

-

 

Gloppen

31.07.1931

Andenes, ei furu

-

 

Hornindal

16.11.1984

Gytle-skotet naturminne

kart

 

Høyanger

02.03.1922

Fagernes, ei bjørk

-

Oppheva

Høyanger

27.02.1930

Måren, ei furu

-

 

Lærdal

02.12.1921

"Kartabjørka", Grøte

-

 

Selje

16.11.1984

Grytting naturminne

kart

 

Stryn

31.07.1931

Hatleim, ei furu

-

 

Stryn

31.07.1931

Hilde, ein einer

-

 

Vik

21.03.1958

Vangsnes, eit kastanjetre

-

 

Vik

26.05.1933

Vetleli, Nese, ein einer

-

 

Årdal

13.05.1932

"Lagpakkfurua", "Liafurua", Eldegard

-

 

Årdal

02.12.1921

"Vettismorkgrana", Vettismorki

-

 

Også tre freda som naturminne eldast, eller blir utsett for sjukdomar og ulukker. Dersom slike tre utgjer ei fåre for omgjevnadane, kan vernet bli oppheva. Dette har skjedd to gonger i Sogn og Fjordane:

- Direktoratet for naturforvaltning oppheva med vedtak av 04.10.2006 fredinga av "de elleve apostler", sju furutre (opphaveleg 11) i Davik i Bremanger kommune.

- Direktoratet for naturforvaltning oppheva med vedtak av 05.08.1997 fredinga av ei bjørk på Fagernes i Høyanger kommune.