Løyve til tiltak i sjø i Iledalsvågen

BKK Nett AS har fått løyve etter ureiningsregelverket til å mudre, sprenge og fylle ut på sjøbotnen samband med at det skal leggjast høgspentkablar frå Gulen til Mongstad.

19.06.2015 fekk BKK Nett AS anleggskonsesjon ved kongeleg resolusjon for bygging og drift av ny 300 (420) kV kraftleidning Modalen - Mongstad. Denne konsesjonen har seinare vorte endra og erstatta av ny anleggskonsesjon gitt av NVE 26.01.2017.

Det er planlagt å leggje fire høgspentkablar på sjøbotnen mellom Iledalsvågen i Gulen og Masfjorden kommune og Mongstad på andre sida av Fensfjorden. I tillegg skal det leggjast til rette for to kablar til i same traséen, dvs. til saman seks kablar.

Følgjande metodikkar er planlagde for gjennomføringa av tiltaket:

Sprenging:  For å kunne oppnå tilstrekkeleg djupne og breidde for god plassering av kablane, er det planlagt å sprenge i eitt til to punkt under vatn. Arbeidet vil kunne røre ved om lag 1440 m2, og det vil kunne verte sprengt ut opptil 2400 m3 steinmassar. Sprengsteinmassane skal   for nyttiggjering på land.

Mudring:  For å legge til rette for sprengingsarbeidet, er det planlagt å mudre i sjøbotnen over eit areal på om lag 1000 m2 før sprenginga tek til. Dette vil generere ca. 400 m3 muddermassar. Sedimenta er i varierande grad ureina med tungmetallet kadmium, polysykliske aromatiske hydrokarbon (PAH) og tributyltinn (TBT). Muddermassane skal difor leverast til godkjent mottak.

Utfylling på sjøbotnen: For å stabilisere underlaget for kablane der sedimentet er laust og har dårleg bereevne, skal det leggast stein/pukk på sjøbotnen, som skal forsterkast på to strekningar på høvesvis 400 m og 600 m langs kabelgata. Samla areal som utfyllingstiltaket vil få verknad for, er 12 000 m2, og samla mengd massar vert 24 000 m3.

Tildekking: For å skåne kablane mot erosjon, kan det verte behov for å dekke dei til, delvis eller langs større delar av kabellengda. Det vil då verte lagt eit 30 cm tjukt lag med stein over kablane. Tildekkinga vil kunne utgjere maksimalt 3500 m3 over eit areal på 11 600 m2.

Sprengingsarbeid og etablering av kabelgata er planlagt utført på seinhausten 2018. Kablane skal leggjast ut våren 2019, medan tildekkinga vil verte utført hausten 2019.

Partane i saka og andre med rettsleg klageinteresse kan klage innan fire veker frå denne kunngjeringa. Eventuell klage kan sendast med brev til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger, eller på e-post  til fmsfpost@fylkesmannen.no.