Regionalt miljøprogram

Regionalt miljøprogram for Sogn og Fjordane skal stimulere til å ta vare på og utvikle det opne og særmerkte kulturlandskapet i fylket. Tilskota i miljøprogrammet er til liks med nasjonale produksjonstilskot ei årleg driftsstøtte til føretak i drift som oppfyller visse vilkår.

Fosnes i Stryn kommune. Foto Kjetil MorkAlle føretak som kan søkje produksjonstilskot i jordbruket, som har landbruksdrift i Sogn og Fjordane og som oppfyller vilkåra som vert stilte i dei ulike tilskotsordningane, kan søkje. Det er ein føresetnad at føretaket oppfyller krava til gjødselplan og sprøytejournal for å kunne søkje om tilskot.

Søknadsfristen for 2018 er 15. oktober.
Det elektroniske søknadskjema vert opna 1. august.

 

Søknadsmateriale for 2017: (oppdaterte dokument for 2018 kjem seinare)
Rettleiingshefte
Søknadsskjema (elektronisk søknad via Altin)
Søknadsskjema (papirsøknad)
Video: Korleis søke elektronisk
Steg for steg guide til elektronisk søknad


Organisert beitebruk 2017:
Informasjon og søknadsskjema

 

21.06.2018

Endra reglar for tilskot til slått av bratt areal

Faglaga i landbruket og fylkesmannen er samde om å utvida ordninga med tilskot til slått av bratt areal. Tidlegare avgrensing på minst 20% bratt areal av slåttearealet er no tatt vekk, men det er krav om at arealet skal haustast og at graset skal nyttast som fôr. Les meir


02.02.2018

Dobla tilskot til stølsdrift

Fylkesmannen har prioritert auka tilskot til stølsdrift og skjøtsel av bratt areal ved fordeling av restmidlane for Regionalt miljøprogram 2017. Les meir


19.09.2017

Regionalt miljøprogram for Sogn og Fjordane 2017

Søknadsfristen for miljøprogrammet er i år flytta til 15. oktober, elles er det ingen endringar i programmet i høve til 2016. Les meir.


12.06.2017

Søknadsfrist for 2017

Søknadsfristen for Regionalt miljøprogram for Sogn og Fjordane er 15.oktober.


21.04.2017

Evaluering av regionalt miljøprogram i Sogn og Fjordane

På oppdrag frå Landbruksdirektoratet har fylkesmennene evaluert sine regionale miljøprogram. Evalueringa skulle ta for seg måloppnåing og effekt av tiltaka i programmet, finne forbetringspotensiale og auke i måloppnåinga av tiltaka, samt svare på definerte spørsmål.


05.08.2016

23,4 mill til regionalt miljøprogram 2016

Regionalt miljøprogram for Sogn og Fjordane skal stimulera til å ta vare på og utvikla det opne og særmerkte kulturlandskapet i fylket. Halvparten av midlane vert brukt til slått av bratt areal. Les meir


09.07.2015

Regionalt miljøprogram 2015

Gjennom regionalt miljøprogram vert det gitt ekstra støtte til bønder som t.d. slår bratt areal, har stølsdrift, beiter med ammegeit/kje eller skjøttar styvingstre, steingardar og gravhaugar.


19.01.2015

Regonalt miljøprogram 2014 - endelege tilskotssatsar

Fylkesmannen har på bakgrunn av tildelt ramme frå staten, endelege søknadstal og etter samråd med faglaga i landbruket fastsett endelege tilskotssatsar for Regionalt miljøprogram for Sogn og Fjordane 2014.


04.07.2014

Regionalt miljøprogram - søknadsomgangen 2014

Regionalt miljøprogram for Sogn og Fjordane skal stimulera til å ta vare på og utvikla det opne og særmerkte kulturlandskapet i fylket. Tilskota i miljøprogrammet er til liks med nasjonale produksjonstilskot ei årleg driftsstøtte til føretak i drift som oppfyller visse vilkår.


04.03.2014

Utbetaling av tilskot i Regionalt miljøprogram

Tilskotet vert utbetalt til søkjar onsdag 5. mars av Statens Landbruksforvaltning. Dei som søkte elektronisk får tilskotsbrevet i Altinn. Dei som søkte på papir får tilskotsbrevet i posten. Klagefristen er 3 veker.


Flere nyheter