Drenering

Føremålet med tilskotsordninga til drenering av jordbruksjord er å auke kvaliteten på tidlegare grøfta jordbruksjord for å auke jordbruksproduksjonen, og å redusere faren for erosjon og avrenning av næringsstoff til vassdrag.

Drenering er eit viktig ledd i å tilpasse jordbruket til eit endra klima med meir nedbør, og kan gjennom reduksjon av erosjon medverke til god vasskvalitet og eit godt vassmiljø. Godt drenert jord slepp også ut mindre lystgass enn vassmetta jord.

Kven kan søkje om midlar til drenering av jordbruksjord?

Føretak som eig eller leiger jordbruksareal som tidlegere er grøfta, kan søke om tilskot til drenering. Det kan òg løyvast tilskot til eigar av jordbruksareal som vert leigd ut. For planerte areal kan det løyvast tilskot til areal som ikkje er grøfta tidlegare.

Kommunen handsamer og avgjer søknadar om tilskot. Det skal søkjast på eige søknadsskjema. Kommunen kan fastsetje søknadsfrist.

Kva slags tiltak kan det søkjast om?

Tilskot kan løyvast til drenering av planerte areal eller tidlegare grøfta jordbruksareal i form av systematisk grøfting, profilering, omgraving og anna grøfting.

Tilskotet utgjer 2 000 kroner per dekar for systematisk grøfting, profilering og omgraving. Ved anna grøfting kan det løyvast 30 kroner per løpemeter grøft med ei øvre grense på 2 000 kroner per dekar.

Det skal ikkje løyvast tilskot til tiltak som medfører vesentleg skade for annan eigedom og naturmangfald, vesentleg fare for flom og vassureining eller fare for skade på automatisk freda kulturminne. Tilskot kan heller ikkje løyvast der tiltaket er påbyrja før tilskotet er innvilga.

Korleis søkje?

Søknaden skal innehalde ein plan for drenering av arealet med skildring av tiltak, kart og miljødokumentasjon. Landbruksdirektoratet har laga eigne skjema for plan og miljødokumentasjon, som kan nyttast som vedlegg til søknaden.

Søknad om tilskot skal sendast til den kommunen der arealet som skal drenerast ligg. Kommunen fastset søknadsfristen.