Tilskot til tiltak i beiteområde 2018

Beitelaga kan søkje om investeringsmidlar til fellestiltak i utmark som skal betre beitebruken. Søknadsfristen er 1. februar 2018.

Døme på tiltak ein kan søkje om er bruer, sankekvier, sperregjerde, elektronisk overvakingsutstyr (som e-bjøller, radiobjøller) og gjetarbuer. Tilskotet kan gå til tiltak som betrar beitebruken i utmark. Midlane skal forvaltast i tråd med «Forskrift om tilskudd til tiltak i beiteområder» (FOR-2013-02-04-206).

Tilskotet gjeld både for sau, geit, storfe og hest på utmarsksbeite.

Søknadsfrist

1. februar: Frist for beitelaga å sende søknadsskjema med alle nødvendige vedlegg til kommunen.
1.mars: Kommunen sender søknaden med si vurdering og tilråding til Fylkesmannen.

Søknadsomgangen 2018

Prioriteringane er forankra i regionalt bygdeutviklingsplan, der følgjande gjeld for 2018:

  • Kostnadsoverslaget bør vere på minst kr 20 000 for å kunne søkje om støtte
  • Det vert ikkje gitt tilskot til transportutstyr og mindre kostnadskrevjande tiltak (t.d. salt-stein¬automatar og rydding av stiar)
  • Faste installasjonar og kostnadskrevjande investeringar vert prioriterte
  • Søknader der søkar har særskilte utfordringar med beitebruken kan gjevast høgare prioritet

Tilskotssatsen vert tilpassa søknadsmengda og tilskotsramma.

Timessatsar for eige arbeid

Dei rettleiande satsane for 2018 er:

  • Manuelt utført eige arbeid: 300 kr/time
  • Bruk av motorsag, ryddesag o. l : 350 kr/time
  • Bruk av traktor : 500 kr/time
  • Bruk av gravemaskin: 650 kr/time