Nettverkssamling om økonomisk rådgjeving

Nav-tilsette i Sogn og Fjordane som arbeider med økonomisk rådgjeving er velkomne til å delta på nettverksamling med kollegaer i Hordaland. Det er planlagt tre nettverkssamlingar i løpet av hausten.

Nettverket «Økonomisk samarbeidsforum» er ein fagleg møtestad og eit diskusjonsforum for alle som arbeider med økonomisk rådgjeving og gjeldsrådgjeving i Nav-kontora i Hordaland. Fylkesmannen i Hordaland er vertskap, og deltakarane i nettverket vert oppmoda om å kome med innspel til aktuelle tema, problemstillingar og case til drøfting i møta. Det vert også invitert eksterne foredragshaldarar. Les meir om samarbeidsforumet på heimesida på Fylkesmannen i Hordaland si nettside.

Til hausten kan også tilsette i Nav-kontora i vårt fylke delta og vi vonar det blir nyttig å drøfte dette fagområdet med kollegaer i Hordaland. Samlingane er gratis. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane bestiller, og dekker kostnaden med ei overnatting i forkant av kvar samling for deltakarar som treng dette på grunn av lang reise. Dei som har behov for dette må melde frå til elisabeth.lund-iversen@fylkesmannen.no innan påmeldingsfristen for den/dei samlingane ein har meldt seg på. Reiseutgifter må dekkast av arbeidsgjevar. 

Påmelding ved Fylkesmannen i Hordaland si nettside.

Ta kontakt dersom du har spørsmål.

Dato:
24. august 09:00 - 14:00
Sted:
Statens hus, Bergen
Ansvarlig:
Fylkesmannen i Hordaland
Målgruppe:
Nav-tilsette som arbeider med økonomisk rådgjeving

Kontaktpersoner