Matglede for eldre

Dato:
16. oktober 10:30 - 16:30
Sted:
Borgund VGS, Ålesund
Ansvarlig:
LMD og HOD i samarbeid med Fylkesmannen
Målgruppe:
Tilsette innanfor mat og helseomsorg både offentleg og privat sektor
Påmeldingsfrist:
10.10.2018 23:00:00
Landbruks- og matminister Bård Hoksrud inviterer til seks inspirasjonsdager om matglede og helse for eldre. Samlingene blir arrangert rundt om i landet nå i høst.
Landbruks- og matminister Bård Hoksrud inviterer til seks inspirasjonsdager om matglede og helse for eldre. Samlingene blir arrangert rundt om i landet nå i høst. (Foto: colourbox)

Landbruks- og matminister Bård Hoksrud og eldre- og folkehelseminister Åse Michaelsen inviterer til samling om matglede og helse for eldre i Ålesund 16. oktober.

Vil ha fleire gode måltid og redusere underernæring

– God mat er grunnleggande for god helse og livskvalitet gjennom heile livet. No arrangerer vi seks inspirasjonsdagar. Målet er å legge til rette for fleire gode måltid på sjukeheim, redusere underernæringa hjå den eldre befolkningen og gje dei som jobbar i eldreomsorgen fagleg påfyll,
seier landbruks- og matminister Bård Hoksrud.

– Gode måltid er ei viktig hending i kvardagen for mange eldre. Det skapar trivsel og førebyggjer sjukdom. Små grep som å flytte middagen til seinare på dagen eller å lage ei hyggeleg sosial råme rundt måltidet, kan ha stor effekt på matgleden. No håpar eg kommunane let seg inspirere av dei mange og gode døma, seier eldre- og folkehelseminister Åse Michaelsen.

Skal inspirere tilsette i eldreomsorgen

Inspirasjonsdagane vert arrangert for dei som arbeidar med matfag, dei som har pleieoppgåver i institusjonar og i heimetenesta, og for dei som inspirerer kommuneadministrasjonen til å sjå samenhengen mellom innkjøp av mat, kosthald og matglede.

– God matomsorg reduserer medisinbruk og gir betre livskvalitet. Det er avgjerande for å møte fleire samfunns- og helseutfordringer. Inspirasjonsdagane vil løfte fram gode døme til inspirasjon for tilsette i eldreomsorgen, seier Hoksrud.

Bli inspirert i Ålesund tysdag 16.oktober

Vestlandet får ein av dei 6 inspirasjonsdagane til Ålesund i Møre og Romsdal. Arrangementet vert gjennomført i samarbeid med Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Inspirasjonsdagen blir på Borgund vidaregåande skule tysdag 16.oktober kl. 10:30 – 16:30.

Meld deg på innan 10. oktober ved å sende ein e-post til alesund@lmd.dep.no

Program for dagen finn du her

Dato:
16. oktober 10:30 - 16:30
Sted:
Borgund VGS, Ålesund
Ansvarlig:
LMD og HOD i samarbeid med Fylkesmannen
Målgruppe:
Tilsette innanfor mat og helseomsorg både offentleg og privat sektor
Påmeldingsfrist:
10.10.2018 23:00:00

Kontaktpersoner

Dokumenter