Fagsamling om økonomisk stønad

Dato:
7. mars - 8. mars
Sted:
Scandic Sunnfjord Hotel & SPA, Førde
Ansvarlig:
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane
Målgruppe:
Tilsette og leiarar som arbeider med økonomisk stønad i Nav
Påmeldingsfrist:
26.02.2018 15:00:00

I saksbehandling av søknader om økonomisk stønad kan Nav-kontora oppleve ulike problemstillingar. Gjennom denne fagsamlinga vil Fylkesmannen setje søkelyset på nokre av desse.

Første dagen vil omhandle sosialtenestelova §§ 18 og 19, og det vil bli veksling mellom innlegg og gruppearbeid med høve til erfaringsutveksling. Fylkesmannen har ansvar for å behandle klagesaker om tema, og vi vil i gruppearbeidet nytte nokre av desse i anonymisert form.

Dag to vil tema vere vilkår om aktivitet for stønadsmottakarar under 30 år, altså sosialtenestelova § 20a som vart innført 1. januar 2017. Vi vil snakke om reglane om aktivitetsplikta og legge til rette for erfaringsutveksling, ut frå problemstillingar og eksempel på vedtak frå Nav- kontora.

Vi ber om at de sender oss problemstillingar de ønskjer å drøfte, eksempel på vedtak om økonomisk stønad med vilkår om aktivitet og vedtak om konsekvens ved vilkårsbrot. Vedtaka må vere anonymiserte, og vi ber om at dei vert sendt innan 15. februar til Fylkesmannen v/ siren.skjerven@fylkesmannen.no

Målet vårt er at samlinga skal verte nyttig både for erfarne saksbehandlarar og nye. Om du er ny på området rår vi deg til å setje deg inn i rundskrivet til sosialtenestelova på førehand. Du kan melde deg på heile samlinga eller ein av dagane, alt etter kva du har anledning til og behov for av fagleg påfyll. Vel møtt!

Påmeldingsfristen er ute.

Dato:
7. mars - 8. mars
Sted:
Scandic Sunnfjord Hotel & SPA, Førde
Ansvarlig:
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane
Målgruppe:
Tilsette og leiarar som arbeider med økonomisk stønad i Nav
Påmeldingsfrist:
26.02.2018 15:00:00

Kontaktpersoner